Sol, sommartemperaturar, bading, øving, konsertar med mykje publikum, apekattar, grotter, tivoli og mykje meir var alt viktige ingrediensar på Spaniaturen.Men det viktigaste var alle dei kjekke og positive musikantane som gjorde turen til eit festopphald over åtte dagar både for seg sølv og alle dei vaksne som var med.
Sveio skulekorps sin største fordel er og blir dei smilande, blide, positive musikantane som har evne til å ta vare på kvarandre og støtta kvarandre gjennom arbeid (øvingar) og leik. I tillegg har dei ein utruleg evne til å få det morosamt i alle muleg situasjonar.
Tenk så fantastisk!!!
Over 20 grader i skuggen, shorts, T-skjorte, bading i godt oppvarma basseng kvar einaste dag heile veka til ende –og det midt på vinteren. Det var verkelegheita for alle oss som reiste med Sveio skulekorps til Torremolinos-rett sør for Malaga første veka i mars-03.
Å oppleva sommar midt på vinteren gjorde godt for små og store.
Øving!!
Gode øvingsøkter, vel 4 timar pr.dag, var ein viktig del av programmet. Instruktørane Pål, Per Olav og Rune stråla om kapp med Spaniasola og opplevde at dei fekk mykje gjort i instruksjonstimane. Musikantane var motiverte og arbeidde godt.
Konsertar!!
På førehand trudde me nok at det kunne vera vanskeleg å samla folk til konsert i eit land der ingen kjende oss, men der tok me feil! Haugalendingar og andre norsktalande stilte opp for å høyra korpset frå Noreg både i musikkteateret i Nerja og på sjømannskyrkja i Fuengirola og gav oss med dette gode konsertopplevingar frå Spania. Lotte Goldmann var på radioen der nede og annonserte konsertane og omtala korpset. Dette hadde nok mykje å seia for oppslutnaden.
Tivoli
Dei av musikantane som likar fart og spenning hadde ein flott dag i tivoli. Hovudsakleg gjekk tida her med til å koma i kontakt med tilfeldige spanske tivoligjester, men karusellar og radiobilar vart i stor grad nytta.
Gibraltar
På førehand var det avtala ein utekonsert på torget med ein representant frå kuturdepartementet i Gibraltar. Midt i beste handletid laurdag føremiddag spelte korpset for mykje publikum. Spesielt var det då to jødar stogga opp og lytta interessert medan korpset spelte israelske folketonar. Etter konserten ville dei sjå partituret og kommenterte at musikken høyrde heime i ei feiring som blir høgtida på denne tida.
Engelske vaktar marsjerte over torget i sine vakre uniformar under konserten. I det heile var Gibraltar ei spesiell oppleving med mange passkontrollar og det engelske miljøet me møtte midt i Spania.
Gibraltar skal feira 300-årsjubileum som engelsk stat til neste år og har alt nemnt at me er velkomne tilbake for å vera med på feiringa!!!!!
Apekattane i Gibraltar
Turen til ein av apefamiliane oppe i fjellene i Gibraltar vart eit høgdepunkt for mange av musikantane. Apane var folkekjære og likte seg godt på skuldrene til musikantane. Mange av musikantane såg ut som om dei var oppvaksne midt i jungelen og at apar var ein dagleg del av livet deira. Med til historia høyrer også at to av vaksenleiarane ikkje kunne tenkja seg nærare kontakt med dyra og difor heldt seg bak lås og slå inne i bussen. (Men det var kjekt å sjå på apekattane gjennom vindauga)
Golf
Sju av dei eldste gutane som er med i korpset, er også aktive golfspelarar. Kva var då meir naturleg enn at desse fekk seg to lange ettermiddagar på golfbanen saman med Eirik?? For første gong i sitt golfliv fekk dei nytta golfbilar og det var noko dei sette stor pris på.
Eirik
Det har etterkvart blitt ein tradisjon at Eirik har hovudansvaret for gjennomføringsdelen av turane våre. Dette passar han perfekt til. Han badar og leikar (les: herjar) med musikantar i alle aldrar, og har kjempegod kontakt med alle aldersgrupper. Me er heldige som har Eirik med som ein flott og viktig miljøskapar i korpset.
Alle dei vaksne som var med på turen skal også ha takk for positive haldningar og grei handtering av alt som dukka opp.
Til slutt!!!
Problemfritt og flott ei heil veke til ende må bli konklusjonen på Spaniaopphaldet. Leiken i bassenget blei ”heisen” til tider, men det høyrer med i sosiale aktivitetar for livsglad ungdom. Mange- kanskje spesielt jentene- kvalifiserte seg etterkvart til svart belte i shopping og kunne konkurrera med Mette-Marit i sin handleiver.
Alle fann sin plass i det sosial miljøet- noko som er svært viktig for korpset si vidare framtid. Det ser ut for at me har trong for å vera saman over lang tid for å bli godt trygge på kvarandre og ha det skikkeleg hyggjeleg saman.
Musikantane sin måte å vera på under turen var heilt avgjerande for at dette blei ein så triveleg tur for dei og for alle oss vaksne som var så heldige at me fekk vera saman med dei i Spania.
-Solfrid