Klokka 06.00 reiste heila Sveio Skulekorps med buss frå Sveio skule til Stavanger og NM for skulekorps. Ikkje alle var like vakne og bussturen gjekk stille for seg.

I 2. divisjon var det 8 korps, Sveio Skulekorps spelte som nr. 2. Sluttresultatet blei 7. plass. Rett etter spelinga, tok me farvel med dei musikantane som ikkje skulle vera med vidare til Danmark. Undervegs åt me middag i Vikeså. Rundt klokka 15.00 var me framme i Eigersund, båten me skulle ta til Danmark gjekk kl. 17.00. Etter me hadde gått ombord i båten, var det underhaldning, kafé, restaurant og tax-free. Rundt midnatt var me i land i Danmark. Då gjenstod det ca. ein times køyring før me var framme i byen Blokkhus. Me hadde fått leilighetar der, saman med dei andre korpsa som deltok i arr.

Neste dag var den første konkurranse dagen i Danmark. Me spelte det sama programmet som me spelte i Stavanger og me fekk skryt for god speling. Rett før konkurransen fekk me veta at Tove Tollefsen, som hadde ansvaret for påmelding til konkurransane, hadde meldt oss på til ein annan konkurranse. Konkurransen heiter ”Primavista”, og det heila går ut på å spela ukjende noter best mogleg. Me fekk 10 min. til å sjå over notane. Det heile enda med ein god latter. Etter konkurransane hadde alle eit par timar fri, før me gjekk til den lokale bowlinghallen og åt. Når middangen var fordøyd kunne folk gjera det mesta dei ville.

Måndag var me med på musikkinvadering av Ålborg. Me marsjerte frå ein bussterminal til det gamle rådhuset i Ålborg, der viseborgarmeisteren talte. Etter talen marsjerte me vidare gjennom Ålborgs gater til Tivoliland der me var resten av dagen. Den same dagen var det tre som hadde fødselsdag, Stig Espen Hundsnes, Benenedikte Bærning Hagen og Stian Larsen. Dei fekk ei skikkeleg feiring. Rundt kl. 17.30 var det premieutdeling. Sveio Skulekorps kom på 4. plass i programkonkurransen, 7. plass i ”Primavista” konkurransen og 9. plass i marsjkonkurransen. Det var 12 korps som deltok.

Tysdag var den siste dagen i Danmark, då pakka me og reiste til Fårup Sommarland. Der var me nesten heile dagen, kl. 18.00 køyrde me til Hirtshals og venta på båten. Me kunne gå om bord kl. 23.55. Dei fleste av musikantane gjekk ikkje å la seg med det fyrste, mens andre var oppe heile natta. Dette resulterte i mange søvnige ansikt på bussen neste morgon. Klokka var vel 11.30 når me kom fram til Sveio skule. Dette var slutten på Danmarksturen.

Skrive av Ingrid Johanne Stølås Lie
Bilder av John Haktor Bua

Sjå fleire bilder i fotogalleriet!


3 siste frå galleriet:

3 tilfeldige frå galleriet: