Sveio Skulekorps kjøper det meste av opplæringa gjennom Sveio Kulturskule, og me har eit nært og konstruktivt samarbeid med musikkskulen på alle plan.
1. ASPIRANT
Aspiranttida varer i eitt år, og aspirantane får instrument når dei starter opplæringa.
OPPLÆRINGSTILTAK:
Opplæring i gruppe eller individuelt kvar veke
Aspirantkorps, éin time pr.veke frå november
Seminar:*1 dag om hausten *Overnattingsseminar om vinteren.
Aspirantane opptrer på:
Seminarkonsertar, familiesamling i adventstida, vårkonsert og skulekonsertar.
2. JUNIOR
Etter aspirantåret står juniorfasen for tur. Musikantane har juniorstatus i eitt år og skal i denne tida førebuast mest muleg for musikanttida i seniorkorpset.

OPPLÆRINGSTILTAK:
Opplæring i gruppe eller individuelt kvar veke
Juniorkorps: ein time pr.veke
Seminar: 1 dag om hausten
Overnattingsseminar om vinteren
Ettermiddagsseminar i marsJuniorkorpset øver saman med korpset i tida før jul og 17.mai.Juniorane opptrer på: Seminarkonsertar, familiesamling i adventstida, vårkonsert, skulekonsertar, Julearrangement og 17.mai
3.SENIOR
OPPLÆRINGSTILTAK:
Seniorkorps: øving to gonger pr.veke
Stemmeøving for dei yngste med dei eldste som instruktørar
Seminar 4 helgar pr. år -eitt av desse med heilt anna form og innhald enn den tradisjonelle korpsoppæringa
Vinterskule i vinterferieveka