Tur til Malaga 2007

Så var det klart for tur igjen. Sveio Skulekorps reiste ned til Spania for tredje gong. Mange spente musikantar møtte opp på Sveio Skule for å ta bussen til Stavanger. På flyplassen fekk nokon auge på den kjente fotballspelaren Eirik Thorstvedt, og Andreas som hadde gipsa foten fekk autograf på denne. 

Malaga tok ikkje imot oss med solskin denne dagen, men me heldt humøret oppe likevel. Snart skulle me jo få øve. Rett etter frukost dagen etter var øvingsrommet nesten klart, og seminaret kunne byrje. Men rett før me skulle inn var me nær ei katastrofe! Ei eldre, fransk litt småkraftig dame hadde forvilla seg opp utanfor øvingsrommet vårt. Lettare forvirra var det rett før ho sette seg på den eine eska med trommeutstyr! Heldigvis var Fredrik (tidligare tillitsvald i korpset med gammalt kallenamn  “Omsorg”) der til unnsetning. Han hoppa opp frå stolen sin slik at dama kunne setje seg der. Men nok om det! Me kom oss nå inn til slutt og me hadde ei god øvingsøkt.

Søndag var dagen for tivoli. Omtrent halve korpset tok turen til ”Tivoli World” der spesielt krasjebilar sto i sentrum. Mange skuffa spanjolar måtte sjå seg slått av den galne gjengen frå Noreg. Torstein gjorde det og stort under skytinga. Han vann ein nokså diger isbjørnbamse som seinare fekk namnet Sebastian.

Seinare den kvelden var det klart for karaoke. Heile gjengen frå Sveio sette seg i baren for å sjå på Torstein som stal showet. Han sjarmerte vel dei fleste med ”Mini the Moocher”. Og kunne gå frå baren ei champagneflaske rikare.

I denne dansebaren fekk me òg vårt første møte med det som skulle bli vår franske fanklubb. Ei koselig dame som var særs glad i å danse blei heilt betatt etter ein konsert me hadde måndag kveld for andre hotellgjester. Ho kunne meddele at ho nettopp var hofteoperert, og dette var første gong ho dansa etter operasjonen. Ho budde på ein vingard i Frankrike og me kan berre gjette at ho var glad i korpsmusikk.

Konsert i sjømanskyrkja hadde me òg. Dette var første gong me framførte NM-stykket vårt ”Episodes of Brass” føre eit publikum, og det gjekk nå duganes bra. Mykje skryt og godord fekk me frå kyrkegjengarane. Ein annan ting me sikra oss i kyrkja var ein konsert på ein norsk skule ikkje så langt frå hotellet. Det var utflytta sveibuar som sikra oss den. Kjekt å spele der òg. Til saman hadde me 5 konsertar. Den avsluttande konserten blei spelt i Torremolinos sentrum i solskin og framføre eit begeistra publikum. Det musikalske løftet hadde blitt stort på denne veka. Sjølv om øvingstida tok litt tid blei det stunder for shopping og bading. Bassenget var forresten ikkje oppvarma, men siste dagen måtte til og med leiarane i korpset ta seg ein dukkert. Ein kjempefin tur hadde me no i alle fall!

Takk til Stine for flott turreferat! Besøk gjerne galleriet for å sjå og leggja til bilder frå turen :)

WordPress database error: [Table 'sveio_web.wp_comments' doesn't exist]
SELECT COUNT(*) FROM wp_comments WHERE comment_post_ID = '67' AND comment_approved = '1'

WordPress database error: [Table 'sveio_web.wp_comments' doesn't exist]
SELECT * FROM wp_comments WHERE comment_post_ID = '67' AND comment_approved = '1' ORDER BY comment_date DESC LIMIT 0, 10


3 siste frå galleriet:

3 tilfeldige frå galleriet: