Sommarspelet 2000

Klokka 8.30,torsdag 10. August stod heile Sveio Skulekorps i Buavåg og venta på ferga som skulle til Bømlo. Alle gleia seg til “langhelgseminaret”.
Me kom fram til Olavskulen ca. klokka 10.00 og fekk tildelt rom.
Klokka 11.00 byrja me å øva. Fekk også ut ein del nye noter som me skulle spela i løpet av helga.
Etter det blei me delt inn i ensemble-grupper med instruktørar.
Klokka 14.00 var det tid for mat og fysisk fostring. Då kunne kvar og ein gjera det mesta dei hadde lyst til. Spele fotball, vere på rommet eller gjere det ein elles måtte ha lyst til.
Klokka 15.30 var det på han igjen med speling.
Denne gongen blei me delt inn i grupper etter erfaring i korpset.
Me spelte heilt til klokka var 18.00, etterpå var det kvelds, og så hadde me fri resten av kvelden.
Då hadde me litt allsong. Eirik, som var vakt, spelte gitar. Han dikta og eit par songar sjølv. Desse framførte han til stor begeistring for dei som høyrde på.
Fredag 11. August vakna me av dundring på dørene. Det var Eirik sin metode for å få oss opp.
Klokka 9.30 gjekk me i gruppene frå torsdag og varma opp. Så, etter ei lang stund med oppvarming, gjekk heile korpset saman og spelte i ein time før det var mat og fysisk fostring.
Når det var fysisk fostring spelte mesteparten av musikantane fotball.
Av og til gjekk det hardt for seg, for her finst det ingen “pyser”!!!
Klokka 16.00 hadde me nok ei øving. Me øvde heilt fram til klokka var 18.00, og etter det var det middag, så hadde me fri resten av kvelden.
Då var det forskjellige aktivitetar på gong.
Me heldt på heilt til vaktene beordra oss i seng.
Laurdag 12. August blei me vekte på ein litt mindre bråkete måte.
Me åt frukost og byrja å øve som vanleg.
Klokka 13.00 gjekk heile korpset saman for å øva.
Midt under øvinga byrja det å rista i golvet!
Til å begynne med trudde me at det var Tom André, trommeslagaren vår, som slo litt hardt på trommene. Men det viste seg å vera eit jordskjelv. Me sprang ut og kjente korleis bakken rista.
Det var litt ekkelt og me blei ståande ute ei god stund og snakka.
Ein av instruktørane, Yngve, sa at me kunne setja oss på bakken for å kjenne etterdønningane av skjelvet.
Til slutt fann dirigenten vår, Pål, ut at me hadde hatt pause lenge nok og me gjekk inn for å fortsette øvinga.
Då kom ein mann inn og lurte på om me hadde lyst til å spele for nokon som hadde gifta seg og skulle ha fest i lokalet på sida av oss.
Sveio Skulekorps er eit sporty korps og me tok utfordringa på strak arm.
Me øvde til klokka var 17.45, då stilte me oss opp ute for å spela.
Me spelte 2 nummer, “The Rap” og “Brassed off”, til stor glede for brudepar og publikum.
Etter på hadde me fri.
Me kunne gjera det meste me ville, nokre spelte fotball, andre såg film og enkelte var rett og slett berre inne på romma sine.
Søndag 13. August stod me opp som vanleg og åt frukost før me gjekk i grupper for å varme opp.
Etter ein time med gruppeøving, spelte heile korpset i lag.
Så var det lunsj og tid for pakking før generalprøven. Før generalprøven ordna me sitjeplassar til publikum.
Det var ikkje store publikumet som møtte fram til konserten, men det gjorde ingenting.
Me gjennomførte programmet og det virka som publikumet likte det dei fekk høyra.
Etter konserten måtte me rydda gymsalen me hadde brukt, stabla bagasje og instrument inn i bilar.
Når me var heilt klare, køyrde me til ferjekaien i Langevåg.
Så var enda eit seminar for Sveio Skulekorps over.
Me har øvd mykje og lært mykje, men likevel hatt god tid til å ha det gøy i saman. Me vil gjerne ha eit slikt seminar igjen.

Referatet er skrive av Ingrid Lie.

Sjå bilder frå seminaret i fotogalleriet!

WordPress database error: [Table 'sveio_web.wp_comments' doesn't exist]
SELECT COUNT(*) FROM wp_comments WHERE comment_post_ID = '42' AND comment_approved = '1'

WordPress database error: [Table 'sveio_web.wp_comments' doesn't exist]
SELECT * FROM wp_comments WHERE comment_post_ID = '42' AND comment_approved = '1' ORDER BY comment_date DESC LIMIT 0, 10


3 siste frå galleriet:

3 tilfeldige frå galleriet: