Sveio skulekorps deltok laurdag 21.06.03 i NM for skulekorps. Me vann 2. divisjon med 96 av 100 oppnåelege poeng, det beste resultatet me nokon gong har oppnådd. Her ser de ein jublande gjeng som nett har fått greie på resultatet.
Bak oss kom Sunde skulekorps med 95 poeng, og deretter Tananger med 92 poeng. 2. divisjon hadde i år 11 deltakande korps.
Høyr NM-innspelinga av Shalom nedanfor!
1. sats:
2. sats:
3. sats:
Jubelen var stor då resultatet vart kjend. Då musikantane kom heim seint på kvelden var både ordførar og familiane til musikantane møtt fram for å ta imot vinnarane.