Laurdag 26 og Søndag 27.02 2000 var Sveio skulekorps på seminar på Vormedal skule.
Det dreidde seg mest om speling og øving, men det var også tid til mykje anna.
Blant anna dans, ballspel, media og pynting av middagsbord.
Seminaret
Då me kom til Vormedal skule, fann me rommet me skulle sova på.
Etterpå begynte me å øve.
Etter nokre timar med øving, hadde me aktivitetar.
Helsing Camilla og Bente.
Media Media gruppa bestod av: Ingrid Lie, Borghild Sveen, Lene Halleland, Camilla Vikingstad, Thomas Heimestøl, Øystein Apeland og Åsmund Bakke Handeland.
Dei stod for å filma og ta bilete av seminaret og aktivitetane.
Dei skeiv om seminaret og intervjua medlem av korpset.
Dans Inne frå eit stort klasserom høyrer me musikk som dundrar ut av høgtalerane.
Inne i rommet dansar mange jenter. Store som små.
Instruktørane er Caroline Bua og Elisabeth Hovda.
Elisabeth: “Me danse!!”
Me lærer dei å dansa likt, til songen “You are not alone”.
“Elevane” dansar av full lyst og det ser ut til at dei har det kjempe gøy.
Pyntekomitè Anya Tollefsen, Mari Kristin Larsen, Liv Marie Lie, Maren Birkeland, Caroline Lundlønning og Sissel Skåden er i pyntekomiteen.
Dei pyntar borda til kveldsmaten med fine rosa serviettar og namnelappar med smilefjes.
Jentene er oppvakte og finne snart ut om det er feil eller misforståingar på gong.
Leiarane deira er Eva Stølås Lie og Bente Johannesen.
Ballspel Ballen sprette rundt og ropa ringer i gymsalen. Det er Sveio skulekorps som speler basketball.
Stillinga er 12-18.
Sveitten siler og mange er oppgitt, men det er krefter nok til å vise nokre imponerande passingar og triks for det.
Og det kjem ikkje på tale å gi seg, for dette er Sveio Skulekorps!
Dei som er leiarane for ballspela er Stian Larsen, Per Sølve Lier Habbestad og John Haktor Bua.
Intervju: (med ein 1. års junior)
- Kva heiter du?
- Eg heiter Bente Grønfoss.
- Kor gammal er du?
- 9 år.
- Kva synest du om seminaret?
- Det er kjempekjekt og “løye”.
- Kva aktivitet har du valt?
- Eg har valt dans som aktivitet.
- Var det gøy, og lærte du noko?
- Det var gøy, og eg lærte ein kjekke ny dans.
- Har du lært nokre nye songar?
- Ja eg har lært to stykk. Det er ein samba song og ein som heiter “We will rock you”.
- Har du lyst å ha fleire seminar som dette?
- Jepp!!
Intervju med korpsleiar Solfrid Lier Habbestad.
- Kva er formålet med dette seminaret?
- Formålet med dette seminaret er å øve til NM og til konserten i Mars. Aspirantane og juniorane er her for å bli kjent med korpset og finne motivasjon.
- Korleis har responsen vore frå musikantane?
- Eg trur at dei fleste synest det er gøy å vera på seminar.
- Kva synest du om musikken musikantane speler?
- Eg synest dei spelar fengande og fint.
Musikken som dei spelte med Tore Braaten var fin musikk. - Korleis er det å vera leiar for korpset?
- Det synest eg er kjempe kjekt. Det er så utruleg mange kjekke born og ungdommar i korpset.