Nm 2005 er ferdig og Sveio Skulekorps har aldri gjort det betre.
Etter ei flott helg er alle i Sveio Skulekorps godt nøgde med turen og plasseringa. Sveio klarte og få i hamn ein 7. plass av 9 deltekande korps. Det vil seie at Sveio nå er Norges 7. beste skulekorps, og det er ikkje verst berre det. Med tanke på at Sveio er ei såpass lita bygd.
Turen til Oslo var lang og slitsam, men alle stortrivdes når målet var nådd. Høgdepunktet for dei fleste var nok festkonserten på Holmenkollen. Der fekk me sjå Maria Aredondo, Ravi og Dj Løv, Ole Edvard Antonsen Og Morten Abel. Nesten alle i samspel med Stavanger brass, eit av Norges beste elitedivisjonskorps.
Dette året seier også farvel til vår dirigent Pål W. Jøsok, som har vore vår faste dirigent i mange år. Me takkar for god ledelse. Samtidig ynskjer me velkommen Torstein Hatlevik som vår nye dirigent. Han har mange spennande planar til neste år, så det er bare til og glede seg.
Ha ein ellers fin sommarferie.