Gode ambassadørar for Sveio kommune

Den 25. januar inviterte ordføraren gode ambassadørar for Sveio til ei lita samankomst med skryt og heider. Gode ambassadørar for Sveio er einskildpersonar eller organisasjonar og lag som hevdar seg utanfor Sveio og på det viset spreier heider også til Sveio. Ordføraren overrekte eit bilete av kunstnaren Olav Storø til ambassadørane.


Tekst henta frå http://sveio.kommune.no:

Sveio skulekorps, representert ved : Fredrik Liknes, Haldis Lier og Målfrid Nymark

Sveio skulekorps spelar i 1.divisjon, er faktisk eit av landets beste korps! Blei nr. 7 i NM og nr. 2 i brass 1.divisjon.

Sigmund Salamonsen, ein nestor innan sjakk. Har stifta to sjakklubbar, ein på Sevland, Karmøy, og no sist på Vandaskog. Er æresmedlem i Norges sjakkforbund og i sjakkforbundet sitt ungdomsforbund. Har også vært dommar både nasjonalt og internasjonalt. Ein som har sjakk som livsstil! ( sjølv om han eigentleg har gitt seg for lenge sidan!)

Edvin Jæger Hansen, vektløftar, deltar i klassane rykk og støyt. Han bur i Sveio men trener i Tysvær. I 2005 var han beste mann i Rogaland uansett klasse. I 2002 sette han rekord i 62 kg’s klassen i rykk med 86 kg. Den rekorden kjem til å stå i mange år! Som senior har han eit klårt stort mål: Deltaking i Olympiaden i Beijing i 2008!

Sveio IL si volleyballgruppe, representert ved Ole Johan Sveen, Marius Bergersen og Espen Dueland Jacobsen. Volleyballgruppa hevder seg svært så bra i eit “knalltøft” volleyballfylke. Har i fleire år vært blant dei 2-3 beste gutelaga i Hordaland. I 2005 kvalifiserte dei seg til NM for junior, ei prestasjon det står respekt av og som dei har tenkt å repetera i 2006!

Sveio Drilltropp, representert ved Rita Vikse, Ida Vikse og Susanne Pedersen. Dei blir premierte kvar dei enn konkurrerer, og representantar frå Sveio drilltropp deltar i klasse for både solo, duett og tropp. Drilliadane dei deltar i samlar deltakarar frå heile landet og nokon gonger også frå utlandet. Dei viktigaste arrangementa er Haugaland Drilliaden, Stavdrill Askøy og Drilliaden i Eigersund.

Folkemusikkgruppa “Stryk”, representert ved Sigrun Dyvik Berstad, Helga Steinsvåg og Mari S Knutsen. Dei hardingfelespillande ungdomane hevdar seg bra i landskappleikar. Både i 2003 på Gjøvik og i 2004 i Eidfjord blei dei nummer to i klasse “lagspel hardingfele junior”, slått begge gongene av Indre Sunnfjord spelemannslag, eit av landets beste spelemannslag. I 2005 lukkas det dei endeleg å slå desse og dei blei nummer 1!!

GRATULERER til alle og LUKKE TIL i arbeidet vidare!

WordPress database error: [Table 'sveio_web.wp_comments' doesn't exist]
SELECT COUNT(*) FROM wp_comments WHERE comment_post_ID = '55' AND comment_approved = '1'

WordPress database error: [Table 'sveio_web.wp_comments' doesn't exist]
SELECT * FROM wp_comments WHERE comment_post_ID = '55' AND comment_approved = '1' ORDER BY comment_date DESC LIMIT 0, 10


3 siste frå galleriet:

3 tilfeldige frå galleriet: