Framtidskveld

Etter jul får me besøk av Viggo Bjørge frå Norges Musikkorps Forbund som skal gjennomføra ein framtidskveld saman med oss. Denne kvelden skal korpset setjast i fokus gjennom utradisjonelle arbeidsmetodar. Berre 25 deltakarar kan vera med: Ungdommane i korpset skal vera sterkt representert i tillegg til dirigent, instruktørar og foreldrerepresentantar frå dei ulike musikantgruppene.

Kva skjer på ein framtidskveld?

  • Korpset er i fokus
  • Stort engasjement skal skapast gjennom utradisjonelle arbeidsmetodar.
  • Korpset kjem fram til nokre tiltak med utgangspunkt i ønskje og behov.
  • Her skal ein ha det lærerikt og morosamt.

Denne framtidskvelden blir også eit utgangspunkt for arbeidet med ein langsiktig plan for korpset. Me vil koma med meir informasjon om tiltaket i nær framtid.

WordPress database error: [Table 'sveio_web.wp_comments' doesn't exist]
SELECT COUNT(*) FROM wp_comments WHERE comment_post_ID = '47' AND comment_approved = '1'

WordPress database error: [Table 'sveio_web.wp_comments' doesn't exist]
SELECT * FROM wp_comments WHERE comment_post_ID = '47' AND comment_approved = '1' ORDER BY comment_date DESC LIMIT 0, 10


3 siste frå galleriet:

3 tilfeldige frå galleriet: