Brass 2007

10. november går startskotet for Brass 2007. Konkurransen går av stabelen i Festiviteten i Haugesund, og er ein programkonkurranse for både skulekorps og amatørkorps.

Årets dommarar er Yngve Nikolaisen og Jan Magne Olsen.

Det etablerte 2. divisjonskorpset Tysnes Musikklag står for festkonserten. Dei kan mellom anna skilta med ein 3. plass i nemnte divisjon under NM 2006.

Det er muleg å melda seg på i følgjande klassar:

  • Skulekorps - brass (1. og 2. divisjon)
  • Skulekorps - janitsjar
  • Amatørkorps brass

Dei tre første i kvar klasse og divisjon får pokal, og vandrepokal blir tildelt korpset med høgast poengsum. Det blir gitt pokal til beste solist, og alle korpsa får diplom og ei skriftleg vurdering av dommarane.

Detaljert informasjon og påmeldingsskjema finn du ved å klikka på lenkja nedanfor.

Invitasjon Brass 2007

WordPress database error: [Table 'sveio_web.wp_comments' doesn't exist]
SELECT COUNT(*) FROM wp_comments WHERE comment_post_ID = '77' AND comment_approved = '1'

WordPress database error: [Table 'sveio_web.wp_comments' doesn't exist]
SELECT * FROM wp_comments WHERE comment_post_ID = '77' AND comment_approved = '1' ORDER BY comment_date DESC LIMIT 0, 10


3 siste frå galleriet:

3 tilfeldige frå galleriet: