Torsdag 22.06 møtte alle musikantane og mange foreldre opp ved Sveio Skule. Alle var spente på det som venta i Bergen og forventningane var store. Me hadde ein behageleg tur fram til Bergen.
Då me kom fram til Bergen Gjestehus, kor me skulle liggja, høljregna det. Kl.17.30 var det opningsparade til Festplassen. Talen tok ordførar Anne-Grete Strøm-Erichsen seg av. Så var det oppvisning av Hans Majestet Kongens Garde og opningskonsert med Krohnengen Brass Band. Etterpå fekk me fri. Då gjekk dei fleste ut og åt og høyrde på myldrekonsertar.
Fredag 23.06 starta me dagen med frukost og øving. På ettermiddagen hadde me myldrekonsert ved Lille Lungårdsvann. Der spelte me “The Rap”,” High Spirits”, “Intermezza”, “Ut på tur” og “Brassed off”. Seinare var me på St. Hansarrangement i Bergenshallen, der fekk me sjå forskjellige drilltropper og oppvisning med Hans Majestet Kongens Garde.
På grunn av at me skulle delta i NM konkurransen hadde me fått beskjed om å leggje oss tidleg.
Laurdag 24.06 var den store dagen. Etter øvingsøkta måtte alle møte nede på rommet til Karoline, Elisabeth, Nina, Ingrid og Inger Marie for å farga håret. Ein kunne velja mellom grøn, blå og gull. Så det var ein fargerik forsamling som vandra bort til Grieghallen. Til og med dirigenten vår, Pål, måtte finne seg i å bli grøn i håret. Det blei litt venting før oppvarminga. Det blei diskutert fram og tilbake på kva plass me kom til å få. Dei fleste var optimistiske, men det var nokre få som var skeptiske. Sjølve konkurransen gjekk føre seg i Peer Gynt-salen. Der satt det mange nervøse foreldre og venta. Då me kom inn på scenen kommenterte konferansieren håret vårt. I konkurransen spelte me “Litle Suite for Brass” og “The Rap”. Rett etter speling var det fotografering og så bar det avstad til ny myldrekonsert. Denne gong på Vågsallmenningen.
Før festkonserten åt me deileg pizza i ein park ovanfor gjestehuset. Då me hadde ete, bar det nok ein gong til Grieghallen. Denne gong for å høyre Hans Majestet Kongens Garde spele festkonsert. Ein konsert som ingen ende ville ta. Nokre sovna, andre tok til tårene.
Så, etter urframføring av verket “Den evige klangen” (som heller ingen ende ville ta), var det endeleg premieutdeling. Sveio Skulekorps enda på 13. plass. Me hadde vel håpa på ei bedre plassering, men…
Søndag 25.06 var dagen for heimreise. Alle var travelt opptatt med å pakka samman kler og rydda romma sine. Men det var ein del av oss som likevel fekk tid til å sjå Bergen sentrum ein gong til før heimreisa.
Søndag var konkurransedag for 1. Divisjonskorpsa, men eg trur ikkje det var nokon av oss som følte for å gå inn og setje seg for å høyre korpsmusikk denne dagen. Då kvelden kom var alle heime igjen og NM var over for i år.
Turen har vore kjekk ,sjølv om ikkje plasseringa blei så god som me hadde håpa på.
-Referatet er skrive av Ingrid Lie
Sjå bilder frå turen i fotogalleriet!
|
1. Divisjon brassband
|
|||
|
|
Korps |
Fylke |
Poeng |
|
1 |
Førre Musikkorps |
Rogaland |
90 |
|
2 |
Smørås Skolemusikk |
Hordaland |
89 |
|
3 |
Stangaland Skolekorps |
Rogaland |
85 |
|
4 |
Rossland Skulekorps |
Hordaland |
83 |
|
2. Divisjon brassband
|
|||
|
|
Korps |
Fylke |
Poeng |
|
1 |
Brandbu Skolekorps |
Oppland |
93 |
|
2 |
Manger Skulemusikklag |
Hordaland |
91 |
|
3 |
Skodvin Skulemusikk |
Hordaland |
90 |
|
4 |
Vestre Slidre Skulekorps |
Oppland |
89 |
|
5 |
Randaberg Skolekorps |
Rogaland |
88 |
|
6 |
Sotra Vest Skulekorps |
Hordaland |
87 |
|
7 |
Jåtten Skolekorps |
Rogaland |
85 |
|
3. Divisjon brassband
|
|||
|
|
Korps |
Fylke |
Poeng |
|
1 |
Sandnes Skulemusikk |
|
95 |
|
2 |
Vassenden Skulemusikk |
|
94 |
|
3 |
Kløvheim/Kaland Skulemusikklag |
|
92 |
|
4 |
Brøttum Skolekorps |
|
91 |
|
5 |
Lavik Skulemusikk |
|
90 |
|
6 |
Nygårdslien Skolekorps |
|
89 |
|
7 |
Damsgård og Kjøkkelvik Skoles Musikkorps |
|
88 |
|
8 |
Sagvåg Skulekorps |
|
87,5 |
|
9 |
Liland og Hjellestad Skolekorps |
|
87 |
|
10 |
Haukås/Hordvik Skolemusikk |
|
86 |
|
11 |
Rosendal Skulekorps |
|
85 |
|
12 |
Skui Juniorkorps |
|
84 |
|
13 |
Sveio Skulekorps |
Hordaland |
83 |
|
13 |
Tomrefjord Skulekorps |
|
83 |
|
15 |
Hordabø Skulemusikklag |
|
82,5 |
|
16 |
Moster Skulekorps |
|
82 |
|
17 |
Ostereidet Skulemusikk |
|
81 |
|
18 |
Tjensvoll Skolekorps |
|
80 |
|
19 |
Krohnengen Skoles Musikkorps |
Hordaland |
79 |