Helga 14.-15. juni gjekk Sveiomarknaden, som me frå dette året av kallar det, på ny av stabelen på Sveio skule.Publikumsmagneten dette året vart Åge Aleksandersen, som heldt familiekonsert for rundt 2000 frammøtte på sundagen. Klovnen Knut hadde famileshow på laurdagen og jentebandet Furia og Number Seven Deli samla til ungdomskonsert laurdagskvelden. Sistnemde i samarbeid med Sveio Ungdomsråd som også hadde invitert ei rekkje oppvarmingsband til denne konserten som gjekk under mottoet “Rock mot rus”.

Me hadde denne gongen rekordstor deltaking med over 80 utstillarar innanfor kunst, handverk og næringsliv og samla over 4000 besøkjande.

Blant dei faste innslaga var Sveioløpet , “folkegolf” og internettkafé.

Hobby og fritid var nøkkeltema og mange ulike aktivitetar vart demonstrerte som t.d.: ein kjempestor modelljernbane , modellflyoppvisning , modellbåtbyggjing og modellbilløp. Rasekaniner, rasefjørfe og radioamatørar deltok også.
LUNDS’ TIVOLI stilte med større utstyrspark enn nokon gong og hadde aktivitetar for barn og unge i alle aldrar. Det var også høve til å ta hesteskyss eller telelift for dei som ville eit stykke opp i lufta eller helikoptersightseeing for dei som vil sjå seg ekstra godt om.

Naturleg nok var det også festkonsert med arrangørkorpset.

Laurdagen gjekk starten for lokalvalkampen i Sveio med paneldebatt under leiing av politisk red. i HA, Ronny Carlsson.

Nytt av året var samarbeidet med Ungdomsrådet om konserten laurdagskvelden, der dei kjente gruppene Furia og Number Seven Deli stod for førsteklasses underhaldning. Oppslutnaden om dette arrangementet var diverre ikkje god.


3 siste frå galleriet:

3 tilfeldige frå galleriet: