Helga 15.-17. juni gjekk Sveiodagane 2001 av stabelen på Sveio skule.Heile 72 utstillarar innan kunst og handverk, næringsliv samt lag og organisasjonar deltok.

Nye innslag i år var helikopter-sightseeing, sveioløpet, dokketeater og folkegolf.

Lund’s Tivoli var attende med eit variert og populært tilbod.

Største publikumsmagneten var likevel VAMP som heldt familiekonsert med rekordframmøte på sundagen.

Haugalandsstemnet samla 8 deltakande korps med Haugesunds Ungdomskorps som populært gjestekorps.

Fredagskvelden hadde Førde Musikkorps og Per Inge Torkelsen familiekonsert i sambrukshuset.

Rekordframmøtet på rundt 4500 besøkjande bidrog til ei særs vellukka gjennomføring av arrangementet.


3 siste frå galleriet:

3 tilfeldige frå galleriet: