Helga 28.-30. mai vart forrige utgåve av Sveiodagane arrangert på Sveio skule.Denne gongen hadde me rekordstor deltaking innan kunst og handverk med over 20 utstillarar. I tillegg var det god deltaking frå næringslivet samt frivillege lag og organisasjonar som demonstrerte breidda i det lokale kulturlivet.
Nytt av året var fallskjermhopping og modellfly- og modellbiloppvisning. Det vart også demonstrert ein større modelljernbane under messa og sentralt i landskapet rigga ein til eigen internettkafe.
Blant innslaga var også MC- og veteranbilutstilling.
RONNY’s TIVOLI underheldt dei yngste og det var høve til å ta hesteskyss eller telelift for dei som ville 17 meter opp i lufta.
Gunnar Andersen og revyorkesteret stod for hovudunderhaldninga på laurdagen, medan Sunnhordlandsstemnet for korps, krydra med oppmarsj, fallskjermhopping og Stangaland Brass som gjestekorps, stod for underhaldninga på sundagen.
Fredagskvelden var det eige show med film og filmmusikk i sambrukshuset - “Music from the screen” - i regi av Førde Musikkorps i samarbeid med seniorgruppa til Sveio skulekorps.
På laurdagen starta valkampen i Sveio med paneldebatt under leiing av Harald Dahle.
Totalt over 3500 besøkjande bidrog til ei vellukka gjennomføring av arrangementet.