Det er mange kostnader knytta til å driva eit korps, mellom anna løn til instruktørar og oppgradering av instrumentparken. Offentleg støtte og andre midlar er ikkje på langt nær nok til å dekkja desse kostnadene, og me er difor nøydde til å tena pengar på eiga hand óg.
I Sveio Skulekorps har me to arrangement som skal sørgja for drifta. Kvar haust arrangerer me ein korpskonkurranse i festiviteten i Haugesund. I tillegg til dette arrangerer me annakvart år Sveiomarknaden, det største arrangementet som blir arrangert i Sveio.


3 siste frå galleriet:

3 tilfeldige frå galleriet: